Så var tida komen, eksamenane er ferdige, sommaren står før døra, og det var på tide å takke for seg på ein skule som vi har tilbrakt tre år på. Festsalen var staden med talar, sang og musikk - og sjølvsagt mykje finpynta ungdom i bunad og dress!
Litt trist var det å seie hade til alle folka, sjølv om det var ein dag ein har gledd seg til lenge. Aldri meir skal vi ha ein IT time me ho Lisbet, eller ein norsk time med ho Kristin.. litt rart å tenkje på... Gratulere folkens med fullført vidaregåande skule!

her ser du f.v Annette, Ingrid og meg :)
Her kjem meir bilde etterkvart;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar